Kort biografi
- Fødd 31. juli 1903 i Kristiansand. Foreldra var Matias
og Gyda Skard
- Eksamen artium 1921. Russeformann. 17. mai-tale på
nynorsk.
- Studerte latin, historie og allmenn litteraturhistorie.
Dr. philos. 1938. Doktoravhandling: "A.O.
Vinje og antikken."
- Gift med Åse Gruda Skard, f. Koht, 1933.
- Universitetsbibliotekar ved UB Oslo og Det Kongelige
Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.
- I USA under krigen med heile familien. Konsulent i
Library of Congress. Chief Regional Specialist for Norway
i det amerikanske Office of War Information. Hadde
hundrevis av foredrag og talar. Skreiv bøker og artiklar.
- Professor i litteraturhistorie ved Historisk-filosofisk
fakultet 1946 - 1973. Oppretta Amerikansk institutt
og var styrar der 1948 - 1973.
- Skreiv fagbøker, bibliografiar, biografiar og artiklar.
Sjå bibliografi
- Lyrikar. Gav ut 10 diktsamlingar.
- Omsette litteratur frå mange tidsepokar og språk, frå
antikken til moderne amerikansk lyrikk.
- Budde etter krigen i "Karistua" på Lysaker i
Bærum.
- Død 1995.
- Sjølvbiografiske bøker:
|
Sigmund Skard-matiné
© Det Norske Samlaget
Fleire bilete Det
må
Det må vera ein stad det blir
gøymt, det vi lever i lag, kvar stund vi har lett og
drøymt, kvar nykveikt dag, kvart smil og kvar varleg
hand, kvar time av trøyst, ei rømd som har ævleg
minne og gøymer di røyst.
Det er for stort, det vi
har, til å siga ifrå oss. Ein stad må det setja seg
fár og bia på oss, ein stad eg kan ikkje nemna og
ikkje forstår, bakom dei slokna stjerner og folna
år.
Henta frå "Haustraun"
1966
© Det Norske Samlaget
Fleire dikt
|
Søk
i basen til Bærum bibliotek
Bøker:
Her finn du oversikt over kva som finst i biblioteket,
med omtale av dei fleste titlane.
Bilete:
Musikk:
Artiklar:
Søk i Bibsys
Norske fag- og forskningsbibliotek
Søk i Norsk samkatalog SAMBOK
Norske fag- og folkebibliotek
|
Prisar
- 1965 Bastianprisen Norsk Oversetterforenings
pris for "fremragende oversettelse av et
skjønnlitterært verk".
- 1966 Sunnmørsprisen for "Haustraun"
- 1983 Melsomprisen for biografien "Mennesket Halvdan Koht"
- 1983 Norsk kulturråds ærespris. Blir
delt ut til personar som har gjort "en innsats
av vesentlig betydning for norsk kunst- og
kulturliv".
-
1992 Brageprisen - Heidersprisen
|
Lydopptak
Sigmund Skard var professor ved Universitetet i Oslo. Institutt for britiske og amerikanske
studier.
Her kan du høyre to av Skard sine førelesingar og ei
gjendikting: 1. Førelesing om Emily
Dickinson. 2. Førelesing om Ernest
Hemingway. 3. Gjendikting av Lindsay,
"General William Booth marches into Heaven."
(For å høyra lydfilene kan du m.a. nytta
RealOne Player. Gratis
versjon av programmet)
|
Lenker
|
|
Verv - eit utval
- Skrivar i Det Norske Samlaget 1930 - 1938. Styreformann
1949 - 1972
- Skrivar i det første "målstyret" i
Studentersamfundet 1923
- Styremedlem i Studentmållaget
- Medlem av Norsk Språknemnd
- Formann i Bærum Mållag 1931-1932
- Varaformann i Noregs Mållag 1940-1950
|
Målreising
"..den målreising som hadde vore ei hjartesak for meg
heilt frå min tidlege ungdom"
"I 1963 hadde eg gitt ut eit kampskrift med tittelen Målstrid
og massekultur. Der freista eg å setja målrørsla inn i
den verdssituasjonen som no tydeleg laga seg til. Også vårt
land vart i aukande grad merkt av industrialisering og
kommersialisering, nedjamning av særmerke og kritikklaust
opptak av framandt kultur- og språkgods, alt under presset av
dei nye massemedia. Ofte skjedde dette under amerikanske
varemerke. Men like mykje var det tale om ei allmenn
modernisering, hos oss framskunda av den nye verksemda som
knytte seg til oljen.
Også målstriden vår var for meg berre eit frontavsnitt i
ein verdkamp mot upersonlege makter som ville valsa oss ned og
jamna oss ut til lette for marknadsføringa."
Frå "Alders år". 1989
Les
utdrag frå boka Målstrid
og massekultur på vevsidene til Norsk språkråd
|
Samlivet med Åse Gruda Skard
"...forholdet mellom Åse og meg bygde på fjellgrunn
sameleis. Vi hadde førebutt oss lenge og omhugsamt før vi
gifte oss, og utvikla etter kvart ei deling og eit fellesskap,
i kjensle og tanke, som berre vart sterkare med åra. Det
galdt både vår trygge kjærleik og vårt aktive yrkesarbeid.
Vi kunne nok stundom bli trøytte av oss sjølve, men berre
sjeldan av kvarandre."
"Halvhundre år i nært samspel med henne kom til å
gi livet mitt ei spennvidd og eit innhald, også av reint åndelege
verdiar, som det elles ikkje ville fått. Og eg visste
det. Eg takka ho ein gong for at ho "atter og atter på
nytt fornya det vedunderlege" som ho hadde vekt inni meg.
I viktige stykke kom ho til å representera samanhengen og
heilskapen i meg som menneske. Eg kalla ho ein gong "sjølve
bandstokken i tilværet mitt""
"Ingen av oss kunne rekna latskap mellom lastene våre"
Frå "Alders år". 1989
|